Photoevent

Ekspressbuss

Til og frå Sogn og Fjordane, og på lange strekningar gjennom Sogn og Fjordane, kan du som reisande nytte deg av fleire ekspressbussruter.

Vy og Nor-Way bussekspress har ruter som tek deg til og frå Trondheim, Ålesund, Bergen, Lillehammer og Oslo.

Reiser du lokalt i Sogn og Fjordane med ein ekspressbuss betalar du det same som på lokalbussane. Du kan bruke Kringom sitt ungdomskort eller periodekort når du skal reise lokalt i Sogn og Fjordane med ein ekspressbuss. Når du skal bruke ungdomskort eller periodekort på ekspressbussen, må du ha med kvittering for gyldig periode.

På ruter som kryssar fylkesgrensene har ekspressbussrutene eigne takstar og rabattordningar. Dette gjeld også på reiser som kryssar dei tidlegare fylkesgrensene mellom Hordaland og Sogn og Fjordane.

Meir informasjon om billettkjøp på ekspressbussane finn du her:

Du finn oversikt over alle ekspressbussrutene og oppdatert informasjon om avvik og endringar på:

 

Del dette:

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk