Ekspressbuss - innstilte avgangar

På grunn av koronasituasjonen er det avvik og innstillingar på Vy og Nor-Way sine linjer som går til/frå og gjennom Sogn og Fjordane.

Dette får konsekvensar for deg som skal reise langt, men også for deg som skal reise kortare strekningar lokalt i Sogn og Fjordane.

Dersom du skal reise med Nor-Way eller Vy må du sjekke avgangen på heimesida til det aktuelle selskapet.

  • For reisande med Vy, kan du sjekke avgangen her.
  • For reisande med Nor-Way, kan du sjekke avgangen her.

Er du usikker på om avgangen du skal reise med vert køyrd av Kringom, Vy eller Nor-Way? Bruk reiseplanleggaren på Kringom.no eller i mobilappen Entur. Der er Vy-avgangar merkte med VY og Nor-Way sine avgangar merkte med NW. Vy og Nor-Way oppdaterer heimesidene sine med informasjon om kva ruter/avgangar som går som normalt.

Vi gjer merksam på at det kan vere feil i rutetabellane for lokalbuss og gjennomgåande buss på Kringom.no i denne perioden. Vi oppfordrar reisande til å bruke reiseplanleggaren på Kringom eller i mobilappen Entur.

 

Language Norsk - NorwegianLanguage English - Engelsk