Slik er dei nye bybussrutene i Førde og Florø

Lurer du på noko om det nye bybusstilbodet? Her har vi samla litt informasjon til deg.

16. desember starta Kringom opp med bybuss på søndagar i Førde og Florø. Bybussen vil gå i tidsrommet mellom kl. 17 og kl. 21 om søndagane.

I tillegg til nye søndagsruter, blir det også sett opp fleire avgangar på laurdagane. I Florø går bussen ein time lenger, med ein ekstra avgang i tidsrommet mellom kl. 16 og kl. 17.

I Førde skal bybussen gå to timar lenger laurdag ettermiddag. Medan den fram til no har slutta å gå kl. 16.25 laurdagane, vil den frå 15. desember gå fram til kl. 18.25.

Du kan også gjere søk i reiseplanleggaren vår. Der kan du legge inn kva stopp du vil reise frå og kva tid du vil reise.

Dersom du vil kjøpe periodekort på bybussen finn du meir informasjon her.  Reiser du med bybussen meir enn 22 gonger i løpet av 30 dagar, løner det seg å kjøpe periodekort. Er du student, løner det seg allereie frå tur nummer 18.

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk