Ungdom som brukar ungdomskort på bybussen i Førde.

No blir det bybuss også på søndagar

16. desember får mange bussreisande i Førde og Florø eit ønske oppfylt. Då byrjar nemleg bybussen å gå på søndagane også.

Nedst i saka finn du ei oversikt over korleis det nye tilbodet på søndagane blir.

Håpar fleire vel buss framfor bil

Bybussen er i dag eit populært tilbod i dei to største byane i fylket, Førde og Florø.  Frå juli 2017 til juni 2018 reiste nesten 138.000 passasjerar med bybussen i Florø, og over 160.000 passasjerar i Førde.

- Bybussen i Førde og Florø blir brukt av mange, både i samband med jobb, skule og reiser i fritida. Vi meiner det er viktig og riktig å styrke dette tilbodet, seier leiar av hovudutval for samferdsle i Sogn og Fjordane, Noralv Distad (H).

Fram til no har det ikkje gått bybuss om søndagane, noko fleire reisande har opplevd som eit hol i rutetilbodet.

Politikarane i hovudutval for samferdsle bestemte i slutten av oktober at bybusstilbodet i dei to byane skal styrkast, og allereie om to veker kan dei reisande nyte godt av det.

- Med bybussen gir vi innbyggjarane i Førde og Florø moglegheita til å reise kollektivt internt i eigen by. Ved å styrke tilbodet med avgangar også søndagar, håpar vi å oppmuntre endå fleire til å ta buss i staden for bil, seier assisterande fylkesdirektør for samferdsle i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Øystein Hunvik.

Skal gå mellom klokka 17 og 21

Bybussen i Førde og Florø vil gå etter dei kjente rutene i tidsrommet mellom klokka 17 og 21 om søndagane, med oppstart 16. desember.

I Førde vil bybussen søndag gå etter laurdagstrase, der den køyrer følgjande rute: Førde rutebilstasjon – Førde sentralsjukehus/Vieåsen – Førde rutebilstasjon – Halbrendslia/Slåttebakkane – Førde rutebilstasjon – Haugum/Hornnes – Førde rutebilstasjon.

I Florø vil bybussen gå etter Bybuss1-trase: Florø rutebilstasjon – Florø lufthamn – Solbakken – Brandsøy – Ragnarrud – Florø rutebilstasjon.

Fleire avgangar på laurdagane

I tillegg til at bybussen skal gå om søndagane, blir det også sett opp fleire avgangar på laurdagane. I Florø går bussen ein time lenger, med ein ekstra avgang i tidsrommet mellom kl. 16 og kl. 17.

I Førde skal bybussen gå to timar lenger laurdag ettermiddag. Medan den til no har slutta å gå klokka 16.25 laurdagane, vil den frå 15. desember gå fram til kl. 18.25.

- Det gler oss at det er politisk vilje til å styrke bybusstilbodet i Førde og Florø. Etter mange år der vi har vore meir vande med å gjere kutt i rutetilbodet, er det gledeleg at hovudutval for samferdsle har løyvd pengar til å styrke kollektivtilbodet i to område med tett busetnad, seier Hunvik.

Slik blir bybusstilbodet i Førde på søndagar:

Førde rutebilstasjon 17:00 18:00 18:15 19:00 20:00 20:30
Førde sentralsjukehus 17:05 18:05 18:20 19:05 20:05 20:35
Vieåsen 17:10 18:10 18:25 19:10 20:10 20:40
Førde rutebilstasjon 17:22 18:22 18:37 19:22 20:22 20:52
Førde rutebilstasjon 17:25 18:25                   | 19:25 20:25                    |
Halbrendslia 17:30 18:30                   | 19:30 20:30                    |
Slåttebakkane 17:35 18:35                   | 19:35 20:35                    |
Førde rutebilstasjon  17:45 18:45                   | 19:45 20:45                    |
Haugum 17:50 18:50                   | 19:50 20:50                    |
Førde rutebilstasjon 17:55 18:55                   | 19:55 20:55                    |


Slik blir bybusstilbodet i Florø på søndagar:

Florø rutebilstasjon 17:00 18:00 19:00 20:00
Florø kai 17:02                   |                   | 20:00
Gunhildvågen kryss 17:05 18:05 19:05 20:05
Florø lufthamn 17:10 18:10 19:10 20:10
Flora samfunnshus 17:20 18:20 19:20 20:20
Evja 17:20 18:20 19:20 20:20
Solbakken 17:22 18:22 19:22 20:22
Botnaholten 17:24 18:24 19:24 20:24
Brandsøy 17:35 18:35 19:35 20:35
Solheim Krokane 17:41 18:41 19:41 20:41
Ragnarrud 17:46 18:46 19:46 20:46
Solbakken 17:50 18:50 19:50 20:50
Evja 17:53 18:53 19:53 20:53
Flora samfunnshus 17:55 18:55 19:55 20:55
Florø rutebilstasjon 18:00 19:00 20:00 21:00

 

Hugs at du enkelt kan gjere reisesøk i reiseplanleggaren på framsida vår. God tur!

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk