www.kringom.no

Gerd Brekke frå Sørsida pensjonistlag hadde med seg blomster til Høyanger-ordførar Petter Sortland.

Slik gjorde dei stas på nytt venterom

NORDEIDE/HØYANGER: - Dette er viktig for oss. No føler vi som bur på sørsida i Høyanger at vi er nærare knytte til kommunesenteret, seier Gerd Brekke.

Leiaren i Sørsida pensjonistlag var tydeleg begeistra då det nye venterommet på Nordeide i Høyanger vart offisielt opna tysdag 12. februar. Også politikarane i hovudutval for samferdsle var på plass, og med barnesong, kake og snorklypping vart det gjort stas på nybygget like ved kaia.

- Dette vil markere ei endring til det positive for alle reisande til og frå kommunen, og ikkje minst internt i kommunen, sa Høyanger-ordførar Petter Sortland i talen til dei frammøtte.

Med våte snøfiller dalande frå himmelen, var det nesten som vêrgudande ville vere med å demonstrere kor viktig venterommet er for dei reisande. Dei siste åra har det ikkje vore venterom på Nordeide, noko Brekke skildrar som ein fortvilande situasjon.

- Nesten uansett kvar vi på sørsida skal reise, så må vi til Nordeide for å ta rutegåande trafikk vidare. Difor betyr det så mykje å ha ein plass å gå inn, der det er varmt og der ein har tilgang på toalett, seier ho.

Norald Distad og Petter Sortland klypte snora i samband med opning av venterommet på Nordeide

(Bilde: Noralv Distad, leiar i hovudutval for samferdsle, og Petter Sortland, ordførar i Høyanger, stod for snorklypping).

Samarbeid mellom fylkeskommune og kommune

Nordeide i Høyanger er eitt av mange trafikknutepunkt i Sogn og Fjordane. I eit fylke med store avstandar må dei som reiser kollektivt ofte kombinere ulike transportmiddel. Til og frå Nordeide kan ein reise med både buss, ekspressbåt og ferje.

- Men folk sit ikkje berre på bussen eller båten når dei er på reise. Dei skal også flytte seg mellom dei ulike transportmidlane. Då er det viktig at også det er komfortabelt, sa Noralv Distad, leiar for hovudutval for samferdsle i Sogn og Fjordane, under opninga.

Det er eit samarbeid mellom fylkeskommunen og Høyanger kommune som har gjort det mogleg å bygge opp det nye venterommet. Medan Høyanger kommune eig kaien og har stått for bygging, bidreg fylkeskommunen med midlar gjennom ein langsiktig leigeavtale for venterommet.

I tillegg til nytt venterom er også sjølve kaia utvida noko. Dette gjer det mogleg for bussar å snu, utan å rygge. Det er også laga til eigne område for parkering, og gåande og køyrande er skilt med eit opphøgd gangfelt mellom venterommet og kaia.

- Moderne og trafikksikkert

Denne typen samarbeid er verdt ei markering, sa Distad under opninga.

- Løysinga ein har fått til på Nordeide er god. Kaia er moderne, området er trafikksikkert, og slik eg ser det, er løysinga svært innbydande for dei reisande.

Også Høyanger-ordføraren takka for samarbeidet mellom kommunen og fylkeskommunen.

For dei faste brukarane av kaia, var det på sin plass at den nye venterommet vart feira.

- Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har stått her og hakka tenner og småhoppa. Dei som ikkje forstår kor mykje dette betyr, har aldri gjort det, seier Brekke.

Kake i samband med opning av venterom på Nordeide

(Bilde: Dei frammøtte fekk ete kake som var pynta med bilete av det nye venterommet. Foto: Høyanger kommune).

Barnesang - korrekt.jpg

(Bilde: Elevar frå Kyrkjebø skule skapte flott stemning med song. Foto: Høyanger kommune).

Del dette:

E-mail this Print this