Kringom-Verdikort

Verdikort

Verdikort er eit kort som passar for deg som reiser av og til. Verdikortet nyttar du i staden for kontantar, og gjeld som betaling for alle reiser på buss og båt (gjeld ikkje for bil på båt) i Sogn og Fjordane. Kortet kan ikkje brukast på ferjer.

Verdikortet er ikkje personleg, noko som betyr at fleire kan dele på eit verdikort.

Verdikortet må fyllast på med minimum kr 300,-, og gjev 17 % rabatt når kortet vert nytta på billettar over minstetakst. Verdikort kjøper du direkte hjå sjåføren på bussen, eller billettøren på båten. Verdikort for reiser på ferje aleine kjøpast hos ferjeselskapa.

Ved første gongs utsteding må det betalast kr. 100,- i pant for produksjon av kortet. Pant refunderast på alle kort som ikkje skal brukast meir og som vert innlevert. Dersom kortet er øydelagt, vert ikkje pant på kr. 100,- refundert.

 

Del dette:

Tips en venn Skriv ut
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk