Kringom-Ungdomskort

For deg mellom 16 og 19

Ungdomskort

Ungdomskortet er eit tilbod til deg som er mellom 16 og 19 år. Du kan og kjøpe ungdomskort dersom du tek til i vidaregåande opplæring frå 15. august, og fyller 16 år i løpet av året.

Ungdomskortet er gyldig for eit uavgrensa tal reiser i 30 dagar frå kjøpsdato, og gjeld på alle kollektivreiser innanfor Sogn og Fjordane sine fylkesgrenser. I 2017 er prisen på ungdomskortet kr 390,-

Ved første gongs utsteding må det betalast kr. 100,- for produksjon av kortet. Hugs bilete og gyldig legitimasjon ved kjøp og påfylling av kortet. Kortet får du kjøpt ved å ta kontakt med ruteselskapa, eller bestille dei elektronisk ved å følje lenkene nedanfor. Pant refunderast på alle kort som ikkje skal brukast meir og som vert innlevert. Dersom kortet er øydelagt, vert ikkje pant på kr. 100,- refundert.

Du kan fornye ditt ungdomskort på bussen eller på kontoret til ruteselskapet.

Påbyrja periode vert ikkje refundert. Ubrukt, ikkje påbyrja periode, vert refundert med aktuell kjøpspris.

Dersom kortet vert sperra ved misbruk eller eigar av kortet ber om at kortet vert sperra, kostar det kr. 250,- i gebyr for å få kortet aktivert. Dersom det førekjem teknisk feil på kort, skal restverdi og pant tilbakebetalast utan å ta administrasjonskostnader.

Bestilling av ungdomskort frå Firda Billag

Bestilling av ungdomskort frå Fjord1

Bestilling av periodekort Nettbuss

Del dette:

Tips en venn Skriv ut
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk