Trygt heim - FB banner Olav 828x315

Trygt Heim for ein 50-lapp

Treng du skyss heim natt til søndag?

«Trygt heim for ein 50-lapp» er eit tilbod som er ope for alle, men spesielt retta mot ungdom mellom 16 og 24 år. Målet med «Trygt heim for ein 50-lapp» er å få ungdommane trygt heim på kveld- og nattetid. Tilbodet er oppretta i kommunane Flora, Førde, Eid, Gloppen, Sogndal og Stryn.

«Trygt heim for ein 50-lapp» går kvar natt til søndag, samt 1. og 17. mai og 3. juledag frå ulike tettstadar i fylket. Rutene er lagt opp til å vere både faste- og bestillingsruter.

Reisande under 30 år betalar kr. 50,- medan dei over 30 betalar kr. 100. Reisande under 30 år har plassgaranti.

Her finn du ruter for ditt område:

Florø

Førde

Høyanger

Nordfjordeid

Sandane

Sogndal

Stryn

Dersom ruta di ikkje står i menyen under nærmaste kommune, betyr det at tilbodet ikkje går til din heimstad. Ved spesielle arrangement, som t.d. russetreff, kan det søkjast om tilskot gjennom Sogn og Fjordane fylkeskommune. Ta då kontak med samferdsleavdelinga på kringom@sfj.no for opplysningar.

Del dette:

Tips en venn Skriv ut
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk