Photoevent

Periodekort Student

Er du student ved ein fagskule, teknisk fagskule, høgskule eller universitet, og er under 30 år, kan du kjøpe Periodekort Student. 

Også elevar i vidaregåande skule kan kjøpe Periodekort Student. Det same kan vaksne framandspråklege under 30 år som får opplæring i norsk og samfunnsfag i minst ti timar i veka i meir enn tre månader, og flyktningar under 30 år som er i introduksjonsprogrammet.

Periodekort Student er det same som eit vanleg periodekort, men du får 40 % rabatt i tillegg til den vanlege periodekortrabatten.

Periodekortet er personleg og gjeld for ei bestemt strekning i 30 dagar frå kjøpsdato, med uavgrensa tal reiser.

Hugs bilete, gyldig legitimasjon og studentkort ved kjøp og påfylling av kortet.

Kortet får du kjøpt ved å ta kontakt med ruteselskapa, eller bestille dei elektronisk ved å følgje lenkene nedanfor:

Når du kjøper periodekort for første gong, må du betale 100 kr. i pant for produksjon av kortet. Pant vert refundert på alle kort som ikkje skal brukast meir, og som vert innlevert. Dersom kortet er øydelagt, vert ikkje panten refundert.

Du kan fornye periodekortet på bussen eller på kontoret til ruteselskapet.

Ved sjukdom slik at kortet ikkje kan nyttast, betaler selskapa tilbake 1⁄30 av månadsprisen pr. dag kortet ikkje har vore nytta, men ikkje for færre enn 10 dagar. Tilbakebetalinga gjeld 30 dagar frå kjøpsdato.

Kringom-Periodekort lite.jpg

Del dette:

Tips en venn Skriv ut

Relaterte lenker

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk