Sjukehusbuss

Sjukehusbussen er bussrute tilpassa pasientar og reisande som skal til og frå Førde sentralsjukehus. 

 

Sjukehusbussen Lærdal - Førde

Avgangen frå Lærdal er eit samarbeid mellom Helse Førde og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Sjukehusbussen går mandag - fredag frå Lærdal til Førde sentralsjukehus. Nedanfor kan du lese om ekstra fasilitetar som er å finne på denne avgangen.

Eigen hjelpemann
Sjukehusbussen Lærdal - Førde er på kvar tur bemanna med 2 sjåførar, der den eine har som hovudoppgåve å vere hjelpemann for passasjerane både i bussen og på sjukehuset. Sjåførane har opplæring i førstehjelp og andre rutiner kring sjuketransport, og dei har teieplikt.

Universell utforming
Bussen som vert nytta på ruta har spesialutstyr for å kunne utføre ein trygg og komfortabel transport av sjukehuspasientar:

  • Toalett for funksjonshemma
  • Rullestolheis
  • Komfortable seter med god avstand
  • Omfattande førstehelpsutstyr
  • Telefon
  • Aircondition
  • Puter ⁄ pledd
  • Barnesete
  • Rullestol
  • Tryggleikssele for barnebag

Tilknyting til Sjukehusbussen
Pasientar som ikkje når fram til sjukehusbussen med rutegåande transport eller eigen bil, kan få drosje fram til næraste busstopp.  Spørsmål om slik tilknytning og retten til sjukehustransport kan rettast til Pasientreiser på tlf 05515 eller www.pasientreiser.no.

Eigendel
Pasientar som nyttar bussen skal berre betale eigendelen. Det er eigendel både på tur og retur. Dersom eigendelen er betalt på transporten fram til bussen (t.d. drosje) vil ein gå fritt ved å syne fram kvittering for betalt eigendel. Fylgjeperson går fritt og skal heller ikkje betale eigendel.
Pasientar med særskilde praktiske behov under reisa bør seinast dagen før melde frå til Pasientreiser på tlf 05515. Køyrekontoret formidlar aktuelle ynskje vidare til hjelpemann slik at han førebu seg i god tid.

Hjelpemann vil ved påstiging registrere namnet og heimkommunen til passasjeren for at ruteselskapet skal få dekt billetten hos Pasientreiser. Ved tvil har hjelpemann rett til å krevje innkalling frå sjukehuset eller annan dokumentasjon på rett til fri skyss.

Buss frå Raudeberg/Måløy - Førde

Bussen frå Raudeberg/Måløy vert betent av langrutebuss med universell utforming. Det går tilførselsrute mellom Nordfjordeid rutebilstasjon og Nordfjord sjukehus.

Pris
Takstar og rabattar er i samsvar med det ordinære bussregulativet i Sogn og Fjordane.

Del dette:

Tips en venn Skriv ut
Språk Norsk - Norwegian