Reisegaranti

Reisegarantien forpliktar ruteselskapa til å gjere sitt beste for at du kjem fram i rett tid.

Dersom det likevel skulle oppstå forseinkingar eller annan svikt i kollektivtilbodet, skal ruteselskapa:

  • Gje deg best mogeleg informasjon om kva som skjer
  • Så tidleg som mogeleg gje deg informasjon om alternativ(e) transport/reisevegar
  • I den grad det er praktisk mogeleg, setje opp alternativ transport

Om ruteselskapa ikkje kan tilby alternativ transport, vert dine dokumenterte utlegg til drosje og/eller eigen bil eller annan alternativ transport refundert dersom du vert meir enn:

  • 20 minuttar forseinka på reiser under ein time - med inntil 550 kr
  • 40 minuttar forseinka på reiser mellom ein og tre timar - med inntil 825 kr
  • 60 minuttar forseinka på reiser over tre timar - med inntil 1100 kr

Parkering og bompengar vert ikkje dekka.

På reiser over tre timar, der forseinkinga medfører at du ikkje når ankomststaden før dagen etter, vil du få dekka faktiske kostnadar til overnatting. Dette må vere klarert på førehand av det ruteselskapet du skal bruke eller brukar når reisa vert avlyst eller forseinka.

For at du skal kunne gjere ditt krav gjeldande, må du fylle ut og sende oss eit reisegarantiskjema eller ein skriftleg førespurnad seinast ein månad etter hendinga. Vi vil svare deg så raskt som mogeleg og seinast fire veker frå vi har motteke den. 

Når gjeld garantien?

Hovudregelen er at Reisegarantien alltid gjeld. Dersom avviket er annonsert på førehand, eller du veit, eller burde vite, at årsaka til forseinkinga ikkje ligg hos transportøren, kan vi ikkje tilby refusjon.

Reisegarantien gjeld ikkje dersom det er 20 minuttar eller mindre til neste avgang i følgje rutetabell.

Reisegarantien gjeld heller ikkje dersom forseinkinga eller innstillinga skuldast forhold utanfor transportøren sin kontroll, slik som ekstraordinære vêrforhold eller naturhendingar, uføresette problem med køyrevegen og andre trafikale forhold, offentlege påbod og forbod, streik og lockout osv. Den omfattar heller ikkje følgjeskadar av forseinkinga, for eksempel at du ikkje rekk tannlegetime, forretningsavtale eller ein flyavgang.

Reisegarantiskjema:














Del dette:

Tips en venn Skriv ut
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk