Foto: Trine Bjervig / Trygg Trafikk

Refleks til alle 8. klassingar

Kringom gir refleksar til alle 8. klassingar i fylket i samband med Refleksdagen.

Alle veit vi at refleks reddar liv, og Kringom ønskjer å bruke Refleksdagen torsdag 20. oktober til å minne om dette. Difor har fylkeskommunen sendt ut refleksar til alle 8. klassingar i fylket for utdeling på refleksdagen.
Same dag deltar Kringom på ein aksjon saman med politi, dei vidaregåande skulane i Førde, trafikksentralen og Trygg Trafikk. Skuleelevane på dei vidaregåande skulane i Førde møter torsdag ein person frå aksjonsgruppa når dei kjem på skulen om morgonen, og får utdelt ein refleks.

Gatebelysning skaper falsk tryggleik, og mange trur det ikkje er nødvendig med refleks når de går i områder med gatelys. Det stemmer ikkje. Sjølv om du ser bilen, er det ikkje sikkert at bilisten ser deg. Difor er det ei billig livsforsikring å alltid bruke refleks når du er ute og går i mørkret.

#refleksdagen2016

Del dette:

Tips en venn Skriv ut
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk