Foto: Thor Aage Liljestøl

Plassgaranti på reiser internt i fylket

Alle reisande med buss internt i Sogn og Fjordane har plassgaranti.

I artikkel i Firda i dag blir det skreve at du no må bestille plass på førehand for å vere sikra plass på Fjordekspressen. Dette gjeld berre dersom du skal krysse fylkesgrensa.

På reiser i Sogn og Fjordane treng einskildreisande ikkje tinge plass.

For grupper over 9 personar må det tingast plass på førehand hos ruteselskapet. På Nettbuss Express sine fylkeskryssande ruter er det ikkje lengre plassgaranti. For å vere sikra plass må billett kjøpast på nettbuss.no.

For andre vilkår viser vi til "Rabattar og vilkår for buss i Sogn og Fjordane".

Del dette:

Tips en venn Skriv ut
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk