Kringom buss

Rutekjøpsak 2019

Planlegging av rutetilbodet frå 23. juni 2019

Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer med dette brukarar av kollektivtilbodet til å kome med innspel til forbetringar av tilbodet.

EksrpessbåtRutetilbodet endrar seg heile tida. Det være seg justering opp mot ferjetider og korresponderande ruter eller justeringar i forhold til økonomiske rammer og satsingar. 
Formålet med å invitere til innspel er at vi ynskjer å ha eit best mogleg bilete av kva som er etterspurt og behov for.

Ruteplanprosessen

Første søndag etter skuleslutt kvar sommar føretek vi hovudruteskifte. Alle justeringar som vart lagt inn i årets budsjett, både rutekutt nye ruter og andre justeringar vert då sett i drift. 
Prosessen med å fastsetje neste års rutetilbod startar på våren. Først bed vi brukarane av rutetilbodet om å melde inn behov for justeringar. Sidan bed vi kommunane vurdere innspel frå sin kommune og gje ein uttale av kva kommunen meiner bør prioriterast. Alle innspel vert vurdert og lagt fram for politisk vurdering i fylkeskommunen. Rutetilbodet vert behandla parallelt med budsjettprosessen som føregår om hausten.   
I fjor kom det inn 120 innspel som vart lagt fram for politisk prioritering.

Kva kan du gje innspel på?

Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommuneDu er fri til å foreslå det du meiner det er behov for. Det er likevel verd å merke seg at dei fleste rutene vi har her i fylket har bindingar. Ruter med skuleskyssfunksjon er i praksis låst, sidan skuleskyssen er ei lovpålagd teneste. Av andre bindingar kan nemnast korrespondanse med andre ruter og ferjetider. 
Det å justere ei rute til beste for eit formål går ofte utover eit anna formål. Til sjuande og sist vert det ei politisk prioritering kva formål som skal prioriterast.

Kva vurderingar gjer fylkeskommunen

Når fylkeskommunen får inn  eit innspel vurderer vi fleire forhold:

  • Kostnad
  • Statistikk
  • Konsekvens - Kva brukargrupper får eit betre tilbod og eventuelt kva grupper får eit dårlegare tilbod
  • Tilråding frå kommunen
  • Korleis innspelet høver saman med eit heilskapleg rutesystem og opp mot vedtekne planar og strategiar for rutesystemet.

Det vert og vurdert korvidt innspelet skal handsamast som ein del av rutekjøpsprosessen eller om det av tidsomsyn må behandlast som eiga sak.

Kven avgjer

Innspel innkomne til rett tid  vert lagt fram for politisk prioritering gjennom rutekjøpssaka.

Fristar

Brukarar av rutetilbodet må sende sine innspel til din kommune innan 1. juni 2018.

Kommunane sender sine innspel og tilrådingar til fylkeskommunen innan 30. juni 2018.
Rutekjøpsaka kjem opp i hovudutval for samferdsle i møte i oktober og endringar innførast frå juni 2019.

Del dette:

Tips en venn Skriv ut
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk