Periodekort

Periodekort passar for deg som reiser mykje på ei fast strekning. 

Reiser du den same strekninga fram og tilbake kvar virkedag i ein månad (20 dagar), vil eit periodekort gje deg ein rabatt på over 50 %. Prisen på periodekortet for di reisestrekning finn du i taksttabellen for lokalbuss.

Les meir om periodekort for bybussane.

Periodekortet er personleg og gjeld for ein vaksen eller eit barn for ei einskild strekkje i 30 dagar frå kjøpsdato med uavgrensa tal reiser. Periodekort for barn gjeld berre for privatkundar.

Ved første gongs utsteding må det betalast kr. 100,- i pant for produksjon av kortet. Pant refunderast på alle kort som ikkje skal brukast meir og som vert innlevert. Dersom kortet er øydelagt, vert ikkje pant på kr. 100,- refundert. Kortet vert refundert av alle selskap sjølv om kortet er kjøpt hjå anna selskap første gong.
Hugs bilete og gyldig legitimasjon ved kjøp og påfylling av kortet. Kortet får du kjøpt ved å ta kontakt med ruteselskapa, eller bestille dei elektronisk ved å følje lenkene nedanfor:

Bestilling av periodekort frå Firda Billag

Bestilling av periodekort frå Fjord1

Bestilling av periodekort Nettbuss

Du kan fornye ditt periodekort på bussen eller på kontoret til ruteselskapet.

Ved sjukdom slik at kortet ikkje kan nyttast, betaler selskapa tilbake 1⁄30 av månadsprisen pr. dag kortet ikkje har vore nytta, men ikkje for færre enn 10 dagar.
Tilbakebetalinga gjeld 30 dagar frå kjøpsdato.

Kringom-Periodekort
Kringom periodekort

Del dette:

Tips en venn Skriv ut
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk