Photoevent

Periodekort Kombi

Reisande med buss og passasjerbåt i Florabassenget kan kjøpe Periodekort Kombi.

Med eit Periodekort Kombi får du 25 % rabatt i tillegg til den vanlege periodekortrabatten på buss og passasjerbåt. Rabatten kan ikkje kombinerast med rabatt for studentkort.

Kortet er personleg og gjeld for ein vaksen eller eit barn på ei bestemt strekning i 30 dagar frå kjøpsdato, med uavgrensa tal reiser. Periodekort for barn gjeld berre for privatkundar.
Periodekort Kombi gjeld kun for buss i kombinasjon med passasjerbåtar i Florabassenget.

Kortet får du kjøpt ved å ta kontakt med ruteselskapa, eller bestille dei elektronisk ved å følgje lenkene nedanfor:

Periodekort Kombi for båt-buss og buss-båt kan ein kjøpe hos Fjord1 og Firda Billag.
For buss-båt-buss-reise, må ein kjøpe kort hos Firda Billag.

Når du kjøper periodekort for første gong, må du betale 100 kr. for produksjon av kortet. Pant vert refundert på alle kort som ikkje skal brukast meir, og som vert innlevert. Dersom kortet er øydelagt, vert ikkje panten refundert.

Hugs bilete og gyldig legitimasjon ved kjøp og påfylling av kortet. Du kan fornye ditt periodekort på bussen, båten eller på kontoret til ruteselskapet.

Ved sjukdom slik at kortet ikkje kan nyttast, betaler selskapa tilbake 1⁄30 av månadsprisen pr. dag kortet ikkje har vore nytta, men ikkje for færre enn 10 dagar. Tilbakebetalinga gjeld 30 dagar frå kjøpsdato.

Kringom-Periodekort lite.jpg

Del dette:

Tips en venn Skriv ut

Relaterte lenker

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk