Periodekort Bybuss

Periodekort for bybuss er eit godt alternativ for deg som bur i Førde og Florø.

Bybussen har avgang kvar time frå morgon til kveld.

Rutetider og haldeplassar for bybussen i Florø finn du her.
Rutetider og haldeplassar for bybussen i Førde finn du her.

Reiser du med bybussen meir enn 22 gonger i løpet av 30 dager, så løner det seg å kjøpe periodekort.
Er du student løner det seg allereie frå tur nr 18.

Kringom-Periodekort.jpgPrisar 2016:

  • Vaksen kr 440,-
  • Born kr 220,-
  • Student kr 265,-

Periodekort for bybussen kan bestillast på nett, eller kjøpast på bussen eller hjå Firda Billag. Fornying kan du gjere på bussen og hjå Firda Billag.

Bestill periodekort for bybussen her.

Vilkår for Periodekort finn du her.

Del dette:

Tips en venn Skriv ut
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk