Om Kringom

...under fjell og brear....jpg

Vi ynskjer deg ei god reise Kringom i Sogn og Fjordane!

Kringom betyr att og fram, hit og dit, rundt eller omkring.
Og det er slik vi ferdast i dette fylket - under fjell og brear, over fjordar, opp og ned dalar, gjennom tunnelar, inn i skoddeheimar og ut mot havet.

I Sogn og Fjordane er Kringom namnet på kollektivtilbodet drifta av Sogn og Fjordane fylkeskommune: båt-, ferje-, og bussruter rundt omkring i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.

www.kringom.no finn du reiseplanleggar og informasjon om rutetider, billettar, prisar, rabattar og skysskort. 

Om du ikkje finn informasjonen du treng, kontakt oss på kringom@sfj.no eller ring ruteopplysninga 177.

Organisasjon

Samferdsleavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune driv Kringom. Vi planlegg, tingar og samordnar kollektivtilbodet. Sjølve drifta vert utført av ulike transportselskap.

All kollektivtransport blir konkurranseutsett etter krav frå EU. Anbodskonkurranse for kollektivtransport i Nordfjord vart gjennomført i 2014, for Sunnfjord  i 2016 og for Sogn i 2017. Nye anbod for kontraktar blir å finne på www.doffin.no.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har per 2017 kontrakt med følgjande ruteselskap:

  • Firda Billag Buss AS
  • Fjord1 AS
  • Nettbuss Sør AS
  • Norled AS
  • Tide Buss AS
  • Wergeland AS

Kontaktinformasjon for ruteselskapa finn du ved å følgje denne lenka

 

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk