Jente som betalar på bussen

Nye takstar frå 01.01.2019

Hovudutval for samferdsle vedtok 25. oktober takstar for 2019. 

Buss:

  • Ordinær takstauke for buss vert 2,5 %.
  • Minstetakst for buss vert kr. 32 for vaksen og kr. 16 for barn.
  • Bybusstakst i Førde og Florø vert uendra - kr. 20 for vaksen og kr. 10 for barn.
  • Flybusstakst i Førde og Sogndal vert uendra -  kr. 80 for vaksen og kr. 40 for barn. Det vert ikkje gitt rabattar på denne taksten.

Båt:

  • Ordinær takstauke for båt vert 3 %.
  • Andre halvdel av takstharmoniseringa for ekspressbåtane vert gjennomført frå 2019 i tråd med vedtak i fjorårets kjøpssak.

Oversikt over takstane finn du her.

Anna:

Takstane for fylkesvegferjer skal følgje riksregulativet for ferjetakst som tidlegare. Les meir om dette her.

Prisen for ungdomskort vert uendra med kr. 365 for ein 30-dagarsperiode.

Del dette:

Tips en venn Skriv ut
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk