Foto: Thor-Aage Lillestøl / Photoevent

Nye takstar frå 01.01.18

Hovudutval for samferdsle vedtok 24. oktober takstar for 2018. 

 

Buss

  • Ordinær takstauke for buss vert 2,7 %.
  • Minstetakst for buss vert kr 31 for voksen og kr 16 for barn.
  • Bybuss takst i Førde og Florø vert uendra kr 20 for voksen og kr 10 for barn.
  • Flybusstakst i Førde og Sogndal vert kr 80 for voksen og 40 for barn. Det vert ikkje gjeve rabattar på denne taksten.

Båt

  • Ordinær takstauke for båt vert 3 %.
  • Takstane på ekspressbåtane vert harmoniserte over 2 år.

Oversikt over takstane finn du her

Anna

Takstane for fylkesvegferje skal følgje riksregulativet for ferjetakstar som tidlegare.

Prisen for ungdomskort vert uendra med kr 365.

Regjeringa vedtok å auke medverdiavgift på blant anna kollektivreiser frå 10 til 12 % gjeldande frå 1. januar 2018. Takstane for kollektivtransport i Sogn og Fjordane vil ikkje bli auka grunna dette.

Del dette:

Tips en venn Skriv ut
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk