Nye flybusstakstar i Sogndal frå 1. januar

Hovudutval for samferdsle vedtok 24. oktober takstar for 2018. 

Flybussane har eigne ruteperiodar som ofte skiftar på kort varsel. I tillegg må flybussane ha fleksibilitet til å tilpasse seg ved forseinkingar og liknande hos flyselskapa. 

Dette gjer rutene vanskeleg å flette saman med annan produksjon noko som gjer dei dyrare å drifte enn ordinære ruter. Takstane er difor litt dyrare enn ordinær takstberekning. 

Det har vore ulik måte å berekne takst på flybussen i Sogndal og Førde. Det har vore frå 5 til 30 kroner forskjell i pris mellom Førde og Sogndal. Ein ønskte difor å harmonisere desse takstane slik at vilkåra er like uavhengig av kva flyplass ein skal til.

Flybusstakst er difor sett til kr 80 for voksen og 40 for barn.

Periodekort og Ungdomskort kan brukast på flybuss, medan andre rabattar ikkje gjeld.

Lokalreisande som ikkje skal til/frå flyplass betalar etter ordinært takstregulativ.

Del dette:

Tips en venn Skriv ut
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk