Foto: Thor Aage Liljestøl

Søk om støtte til transport

Lokaltransport for ungdom

LTU er eit tilbod som kommunane, i samarbeid med ungdomsrådet i Sogn og Fjordane, søkjer på.

Det er sett av 1 million kr som kan nyttast til ei betring av reisetilbodet for ungdom til/frå fritidsaktivitetar på ettermiddags- og kveldstid. Kommunane og ungdomsråda i kommunane inviterast kvart år til å utforme eit skyssopplegg og søke om prosjektmidlar for å få skyssopplegget i gang. 

Kommunane nyttar midlane til sine ungdommar ut i frå transportbehova på ettermiddag og kveld. Tilbodet er primært retta mot ungdommar mellom 13 og 19 år.

Det vanlege kollektivtilbodet er begrensa på ettermiddagar  og sein kveldstid. Derfor kan det vere vanskeleg for ungdom å nytte det vanlege kollektivtilbodet til og frå fritidsaktivitetar. Fylkeskommunen vil gjennom dette tilbodet legge til rette for eit betre skysstilbod til/frå fritidsaktivitetane, og vi har spesielt i tankane heimskyssen om kvelden både i helgene og i kvardagane. I tillegg til den reint praktiske og trivselsmessige sida, har tilbodet også ei tryggleiksside der målet er å leggje til rette for trygge skysstilbod.

Ta kontakt med din kommune for å søke om midlar.

Del dette:

Tips en venn Skriv ut
Språk Norsk - Norwegian