Kjøp av billettar

Billettar får du kjøpt om bord på alle rutegåande transportmiddel i Sogn og Fjordane, og du kan betale både med kort og kontantar.

På båt- og ferjesamband kan alle typar kort nyttast som betalingsmiddel, både kreditt- og debetkort, i tillegg til kontantar.

Ekspressbåt
Billettar til ekspressbåtrutene kan kjøpast på internett. Ved å følgje lenka nedanfor kjem du til Norled sin nettbutikk.

Lenke til Norled sin nettbutikk

Om bord i bussane er det som hovudregel mogleg å betale med bankkort, både kreditt- og debetkort, i tillegg til kontantar.

Ekspressbuss
Billettar til Nettbuss express og Nor-Way bussekspress sine ruter kan også kjøpast på internett.

Lenke til Nettbuss express sin nettbutikk

Lenke til Nor-Way bussekspress sin nettbutikk

 

 

 

Del dette:

Tips en venn Skriv ut
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk