Belte i buss 479x269

Hugs beltet - no blir det gebyr

No kontrollerar Statens vegvesen beltebruk i bussar over heile landet. Det er slutt på muntlege advarslar. Gløymer du beltet kan det koste deg 1500 kroner i gebyr.

161 busspassasjerar og 10 sjåførar vart ilagt eit gebyr på 1.500,-, i Statens vegvesens landsdekkande beltekontrollar i buss i fjor haust.

Ytterlegare 477 passasjerar og 2 sjåførar satt usikra, men slapp unna med ein munnleg åtvaring i denne omgang, sidan kontrollørane ikkje hadde sikker observasjon. Totalt vart 8 345 busspassasjerar kontrollert, fordelt på 485 bussar over heile landet.

No har vegvesenet igjen fokus på bruk av belte i buss, så hugs å bruke belte der det er montert for din eigen og andres tryggleik.

Del dette:

Tips en venn Skriv ut
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk