Ekspressbuss

Til og frå Sogn og Fjordane kan du som reisande nytte deg av fleire ekspressbussruter.

Nettbuss express og Nor-Way bussekspress har ruter som tek deg til og frå Trondheim, Ålesund, Bergen, Lillehammer og Oslo.

På ruter som kryssar fylkesgrensene har ekspressbussrutene eigne takstar og rabattordningar. Reiser du Internt i fylket med ein ekspressbuss betalar du det same som på lokalbussane, og du kan nytte dei same kortpodukta og rabattordningane.

Oversikt over ekspressbussrutene (lenke til rutetabell-ekspressbuss)

Lenke til Nettbuss express

Lenke til Nor-Way Bussekspress

I tillegg til ekspressbussrutene går det også fylkeskryssande ruter i fylkeskommunal regi mellom Stryn og Ålesund, mellom Sogndal og Lom, og mellom Flåm og Ål. Informasjon om desse rutene finn du under gjennomgåande bussruter.

Lenke til gjennomgåande bussruter.

Del dette:

Tips en venn Skriv ut
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk