Gjeld til 31. desember 2017

Rabattar og vilkår på båt og ferje i Sogn og Fjordane

Nedanfor finn du informasjon om rabattar og vilkår for reiser med båt i Sogn og Fjordane.

Born:
Born under 4 år reiser gratis. Born mellom 4 og fylte 16 år reiser for halv takst av vaksen takst.

Militær:
Vernepliktig mannskap (korporalar og menige) og sivil tenestepliktige får 50% rabatt mot å vise vernepliktsbok eller innkallingsordre.

Honnørrabatt:
50% rabatt på vaksen enkelttakst avrunda oppover til næraste heile krone. Honnørrabattordninga gjeld for personar som er fylt 67 år, samt for uføre som har rett på uførepensjon av Folketrygda. Ordninga gjeld og for personar som reiser saman med ektefelle som stettar eit av krava nemnd ovanfor.

Skule- og studentrabatt:
Skuleelevar og studentar vert innvilga 50% rabatt på vaksen takst ved å syne gyldig skule- eller studentbevis med foto og kvittering for betalt semesteravgift.

Minigruppe:
Grupper på mellom 2 og 11 personar som løyser ein felles billett til same haldeplass vert innvilga 25% rabatt i høve vaksen takst. Det vert ikkje gjeve rabatt på barne- eller honnørtakst.        

For å nytte rabatten må det løysast billett om bord eller ved ekspedisjonar/billettkontor.

Grupperabatt:
Grupper på over 12 persomar som løyser billett til same haldeplass vert innvilga 18% rabatt i høve barne- eller vaksentakst. Det vert ikkje gjeve rabatt på honnørtakst.

Verdikort:

Verdikort er eit kort som passar for deg som reiser av og til. Verdikortet nyttar du i staden for kontantar, og gjeld som betaling for alle reiser på buss og båt (gjeld ikkje for bil på båt) i Sogn og Fjordane. Verdikortet er ikkje personleg, noko som betyr at fleire kan dele på eit verdikort.

Verdikortet må fyllast på med minimum kr 300,-, og gjev 17% rabatt når kortet vert nytta på billettar over minstetakst. Verdikort kjøper du direkte hjå sjåføren på bussen, eller billettøren om bord på båten eller ferja.

Verdikort for reiser på ferje aleine kjøpast av ferjeselskapa.

Ungdomskort:

Ungdomskortet er eit tilbod til deg som er mellom 16 og 19 år. Du kan og kjøpe ungdomskort dersom du tek til i vidaregåande opplæring frå 15. august, og fyller 16 år i løpet av året.

Ungdomskortet er gyldig for eit uavgrensa tal reiser i 30 dagar frå salstidspunktet (ikkje kalendermånad), og gjeld på alle kollektivreiser innanfor Sogn og Fjordane sine fylkesgrenser.

Les meir om Ungdomskort her.

For meir informasjon om vilkår, takstar og rabattar, sjå www.fjord1.no og www.norled.no

Del dette:

Tips en venn Skriv ut

Relaterte lenker

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk