– Vi kan aldri dele ut for mange refleksar
Noko av det luraste du kan gjere når du skal ferdast ute i mørket, er å bruke refleks. Elevane ved Sogndal vidaregåande skule tok imot refleksar med store smil og takk, då Refleksdagen vart markert i dag.
- Vi har delt ut refleksar på Refleksdagen i mange år, og vi ser at ungdomane blir stadig meir positive når dei får refleksar hos oss, seier førstekonsulent Monica Åsnes i samferdsleavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Du har garantert høyrt oppmodinga tallause gonger før, men den kan faktisk ikkje gjentakast for ofte: Bruk refleks.
Vel du å gå utan refleks vil ein bilist i 50 km/t berre ha to sekund på å sjå deg. Brukar du refleks, har bilisten ti sekund, ifølgje Trygg Trafikk. Refleks er difor ei billig livsforsikring.
- Vi treng alle ei påminning
Målet med Refleksdagen er å få fleire til å bruke refleks, og få ned talet på ulukker der fotgjengarar er involvert.
Dagen blir markert over heile landet. I Sogndal vart elevar ved Sogndal vidaregåande møtte av gulkledde representantar frå både skulen, Statens vegvesen, politiet og fylkeskommunen i dag tidleg.
- Det er viktig for fylkeskommunen å engasjere seg i trafikktryggleik. Vi har mellom anna ansvar for skuleskyss, og det er viktig å bidra der vi kan, seier Åsnes i fylkeskommunen.
Overingeniør i Statens vegvesen, Johannes Tubbene, var også med å dele ut refleksar i morgontimane.
- Statens vegvesen har eit aktivt forhold til trafikktryggleik. Eg trur dette har ein effekt. Ungdomane har fått ei påminning, så litt fleire vil nok bruke refleks etter i dag, seier han.
Halvparten av oss droppar refleks
Innbyggjarane i Sogn og Fjordane er ifølgje tala til Trygg Trafikk dei flinkaste i landet til å bruke refleks. Likevel er det mange som må skjerpe seg. For teljingane viser at nesten halvparten av oss droppar refleks.
- Det er så lettvint å hekte på seg ein refleks. Men det er nok med andre som med meg, det er for gjort å gløyme refleksen. Difor treng vi å bli minna på det, jamt og trutt, seier Tubbene i Statens vegvesen.
På landsbasis viser Trygg Trafikk sine teljingar at berre fire av ti vaksne brukar refleks. Å dele ut refleksar til unge vaksne kan vere eit viktig verkemiddel for å snu trenden.
- Ungdom som er byrja på vidaregåande er gjerne komne i ein alder der dei er litt meir tilbakelente, og kanskje ikkje brukar refleks. Difor er det viktig for oss å prøve å påverke dei i rett retning, seier Åsnes i samferdsleavdelinga.
Trygg Trafikk sine reflekstips:
Jo meir refleks, jo meir er du synleg!
- Fest refleks på alle jakker og baggar
- Bruk refleks som beveger seg når du går – dei syner best
- Heng refleksen i knehøgd
- Bruk to refleksar slik at du er synleg frå alle kantar
- Sjekk at refleksen ikkje er veldig ripete, då fungerer den dårleg

